Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
Kartlegging av vurderinga av klimarisiko i forsikringsføretaka si eigenvurdering av risiko og solvens (ORSA)

Kartlegging av vurderinga av klimarisiko i forsikringsføretaka si eigenvurdering av risiko og solvens (ORSA)

Nyheter

Publisert: 16. oktober 2024

Basert på den sist innsende ORSA-rapporten frå forsikringsføretaka gir Finanstilsynet si kartlegging ei oversikt over vurderingane av klimarisiko i føretaka, i kva grad klima er teken inn i scenarioanalysar og kva for tiltak som blir vurderte som formålstenlege i slike scenario.   

Rapporten oppsummerer òg føretaka si vurdering av reassuranseprogrammet opp mot eksponering mot klimarisiko. Resultata er sett opp mot gjeldande regelverk og tilråingar.

Finanstilsynet vurderer at dei fleste føretaka må vidareutvikle analysane sine av klimarisiko for å vere i tråd med tilråingar og forventingar om kvantifisering og utarbeiding av langsiktige risikovurderingar. Ettersom fleire føretak forventar auka klimarisiko i framtida, bør føretaka prioritere slike analysar. Finanstilsynet følger utviklinga på området og vil òg ta opp vurderingane av klimarisiko i ORSA med enkeltføretak som eit ledd i den løpande tilsynsverksemda.

I alt var 31 forsikringsføretak, 22 skadeforsikringsføretak og ni livsforsikringsføretak, med i kartlegginga.

Les rapporten:

  • Kartlegging av vurderinga av klimarisiko i forsikringsføretaka si eigenvurdering av risiko og solvens (ORSA)
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less