Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
Årsmeldinga til Finanstilsynet for 2019

Årsmeldinga til Finanstilsynet for 2019

Nyheter

Publisert: 22. april 2020

Finanstilsynet har no publisert årsmeldinga si for 2019. Årsmeldinga gir ei oversikt over områda som Finanstilsynet har ansvaret for, og oppgåvene tilsynet gjennomførte i 2019.

Meldinga frå leiinga er signert styreleiar Finn Arnesen og finanstilsynsdirektør Morten Baltzersen. Årsmeldinga inneheld ei oversikt over dei planlagde og gjennomførde oppgåvene i eit eige kapittel om rapportering av måloppnåing. Hovuddelen består av kapittel som rapporterer om tilsynet med dei ulike verksemdene og oppgåvene som Finanstilsynet gjennomførte i 2019. Dette omfattar stadlege tilsyn hos føretak, innrapportering frå verksemder, analysar av marknader, forvalting og regelverksutvikling. Utviklingsarbeidet i eiga verksemd er òg omtalt. Mellom anna fastsette Finanstilsynet ein digitaliseringsstrategi i desember 2019. Årsmeldinga inneheld faste, årlege rapportar om kvalitetskontroll frå Revisorforeningen og Regnskap Norge, som dei gjennomfører blant eigne medlemsverksemder.

Meir omfattande analysar og vurderingar av finansmarknaden blir dekte av den halvårlege rapporten Finansielt utsyn i juni og desember og i kvartalsvise soliditets- og resultatrapportar for finansføretak. I tillegg publiserer Finanstilsynet den årlege risiko- og sårbarheitsanalysen (ROS), som oppsummerer arbeidet med IKT-sikkerheit i finanssektoren i det førre året, og rapportar frå tematilsyn på dei ulike tilsynsområda.

Årsmelding

  • Årsmelding 2019

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less