Høyring frå AMLA: Utfyllande reglar om samarbeid mellom AMLA og nasjonale tilsynsmyndigheiter når AMLA har direktetilsyn med marknadsaktørar
Høringer
Publisert: 29. desember 2025
Den nye europeiske myndigheita for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering (AMLA) har sendt på høyring forslag til utfyllande reglar til forordninga som oppretta AMLA. Høyringsfristen er 27. januar 2026.
I mai 2024 vedtok EU ei ny regelverkspakke på kvitvaskingsområdet. Regelverkspakka består mellom anna av ei forordning om å opprette ei ny europeisk myndigheit for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering ((EU)2024/1620 - AMLA-forordninga).
AMLA har no sendt på høyring eit forslag til utfyllande reglar om samarbeid mellom AMLA og nasjonale myndigheitar ved direktetilsyn, dvs. når AMLA har direktetilsyn med marknadsaktørar. Reglane blir etter alt å dømme tekne inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.
Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som vi bør vere merksame på. Det vil som hovudregel ikkje blir gjennomført ny høyring når regelverket blir teke inn i norsk rett.
Høyringsfrist er 27. januar 2026.
Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på AMLA's nettsider: