Høyring frå EBA: Endring i tekniske standardar for operasjonell risiko
Høringer
Publisert: 27. februar 2024
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 20. februar ei høyring om endringar i to tekniske standardar for høvesvis offentleggjering og regulatorisk rapportering av operasjonell risiko. Høyringsfristen er 30. april 2024.
Endringane som no blir sende på høyring er del av endringane som blir gjorde i samband med innføringa av CRR3/CRDVI (bankpakken) i EU, og må sjåast i samanheng med dei to høyringane som EBA sende ut i desember 2023 om endringar i rapporteringskrav for golv for berekningsgrunnlaget i IRB-modellar, kredittrisiko, tap på utlån med garanti i fast eigedom osv. Høyringane må også sjåast i samanheng med høyringane om nytt rammeverk for indikatorar for operasjonell risiko som EBA også sende ut på høyring 20. februar.
Finanstilsynet går ut frå at dei tekniske standardane vil bli tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett ved innlemming i § 2 andre ledd i CRR/CRD IV-forskrifta. Tilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringfristen er 30. april 2024.
Nærmare informasjon om høyringa og høyringnotatet på EBAs nettstad:
Se også: