Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR3) om operasjonell risiko

Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR3) om operasjonell risiko

Høringer

Publisert: 28. februar 2024

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 20. februar ei høyring med tekniske standardar for berekning av kapitalkrav for operasjonell risiko i pilar 1. Høyringsfristen er 21. mai 2024.

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har i samband med innføringa av CRR3/CRDVI (bankpakken) i EU fått i oppdrag å utarbeide utfyllande reglar for berekning av kapitalkrav for operasjonell risiko. Tre tekniske standardar for berekning av kapitalkrav for operasjonell risiko (pilar 1) er no send på høyring. Desse tekniske standardane gir nærare reglar for kva komponentar som skal inngå i forretningsindikatoren for berekning av kapitalkrav for operasjonell risiko, ei samanstilling mot relevante postar i FINREP, og dessutan reglar for kva situasjonar enkelte storleikar kan ekskluderast frå berekninga.

Høyringa bør sjåast i samanheng med høyringa om tekniske standardar for høvesvis offentleggjering og regluatorisk rapportering av operasjonell risiko, sjå høyringen Endring i tekniske standardar for operasjonell risiko.

EBA vil halde ei digital, offentleg høyring (webinar) 20. mars 2024 som er open for påmelding.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tyding for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 21. mai 2024.

Les meir:

  • The EBA consults on the new framework for the business indicator for operational risk as part of the implementation of the EU Banking Package
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less