Finanstilsynet åtvarar mot Trientfundplc.com
Finanstilsynet har blitt kjent med at det blir tilbydd investeringstenester gjennom nettstaden trientfundplc.com utan nødvendig løyve.
Nettstaden nyttar namn, kontaktopplysningar og andre føretaksopplysningar som tilhøyrer Trient Global Investment Funds Plc. Sector Fund Services AS har inga tilknyting til denne nettstaden, og nettstaden nyttar kontaktopplysningar og andre føretaksopplysningar om Trient Global Investment Funds Plc utan løyve..
Finanstilsynet gjer òg merksam på at trientfundplc.com ikkje har løyve til å yte investeringstenester i Noreg. Føretaket er ikkje under tilsyn av Finanstilsynet, og tenestene som blir tilbydde er ikkje godkjende etter norsk lov.
Finanstilsynet åtvarar derfor investorar mot å inngå avtalar med, overføre midlar til eller på annan måte nytte tenester frå trientfundplc.com.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.