Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Finanstilsynet åtvarar mot investeringstilbod marknadsført av Djup Fondstad

Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Djup Fondstad har kontakta norske investorar og tilbydd investeringstenester. Selskapet tilbyr òg tenester frå nettstaden www.djup-fondstad.com og djupfondstad.org

Finanstilsynet gjer oppmerksam på at Djup Fondstad ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar ikkje å inngå avtale eller overføre verdiar til Djup Fondstad.

I tillegg er Finanstilsynet kjent med at føretaket har misbrukt namn og identitetar til kjende personar i marknadsføringa av tenestene sine. Finanstilsynet viser òg til fabrikerte svindelinnlegg som gir seg ut for å vere publiserte av NRK og programmet Debatten.

Virksomhetsregister til Finanstilsynet inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less