Finanstilsynet åtvarar mot investeringstilbod frå FINEX Ltd
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at FINEX Ltd har tilbydd investeringstenester til norske investorar.
Finanstilsynet gjer oppmerksam på at FINEX Ltd ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar ikkje å inngå avtale eller overføre verdiar til FINEX Ltd.
Virksomhetsregister til Finanstilsynet inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.