Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Finanstilsynet åtvarar mot investeringstenester frå KlarFX

Finanstilsynet har motteke opplysningar om at den nettbaserte handelsplattformen KlarFX blir marknadsførte overfor norske forbrukarar. Selskapet tilbyr tenester frå nettsida klarfx1.com

Finanstilsynet gjer oppmerksam på at plattformen ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll  eller har godkjent tenestene som nettstadene tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar ikkje å inngå avtale eller overføre verdiar til KlarFX

Investorar bør vere svært varsame ved førespurnader frå aktørar som lovar høg avkastning, nyttar aggressiv marknadsføring i sosiale medium eller oppmodar dei om å installere verktøy for fjernstyring. Finanstilsynet tilrår at investorar kontrollerer om føretaket har nødvendig løyve før dei overfører pengar eller inngår avtalar om investeringstenester.

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less