Finanstilsynet åtvarar mot investeringstenester frå 4Markets
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at den nettbaserte handelsplattformen 4Markets blir marknadsførte overfor norske forbrukarar. Selskapet tilbyr tenester frå nettsida trade.4-mkt.com
Finanstilsynet gjer oppmerksam på at plattformen ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll eller har godkjent tenestene som nettstadene tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar ikkje å inngå avtale eller overføre verdiar til 4Markets
Investorar bør vere svært varsame ved førespurnader frå aktørar som lovar høg avkastning, nyttar aggressiv marknadsføring i sosiale medium eller oppmodar dei om å installere verktøy for fjernstyring. Finanstilsynet tilrår at investorar kontrollerer om føretaket har nødvendig løyve før dei overfører pengar eller inngår avtalar om investeringstenester.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.