Finanstilsynet åtvarar mot investeringstenester frå Altvecto, TradeInch og TradeToday
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at dei nettbaserte handelsplattformene Altvecto, TradeInch og TradeToday blir marknadsførte overfor norske forbrukarar.
Finanstilsynet gjer oppmerksam på at ingen av plattformene har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll eller har godkjent tenestene som nettstadene tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar ikkje å inngå avtale eller overføre verdiar til Altvecto, TradeInch og TradeToday.
Marknadsføringa skjer mellom anna gjennom annonsar i sosiale medium som gir inntrykk av å vere omtale eller tilrådingar frå kjende personar og etablerte finansføretak. Potensielle investorar blir deretter kontakta av personar som står fram som investeringsrådgivarar, og blir oppmoda om å opprette ein konto og gjere innskot. Opplysningane Finanstilsynet har fått, tyder også på at investorar kan bli bedne om å installere programvare (Anydesk) som gir andre fjernstyringstilgang til datamaskina deira.
Investorar bør vere svært varsame ved førespurnader frå aktørar som lovar høg avkastning, nyttar aggressiv marknadsføring i sosiale medium eller oppmodar dei om å installere verktøy for fjernstyring. Finanstilsynet tilrår at investorar kontrollerer om føretaket har nødvendig løyve før dei overfører pengar eller inngår avtalar om investeringstenester.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.