Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Register for marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri >
Valstad invest

Valstad invest

Sist publisert: 28. oktober 2025

Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Valstad Invest har tilbode investeringstenester til investorar. Selskapet tilbyr tenester frå nettstaden valstadinvest.com

Finantilsynet viser til at nettsida til selskapet feilaktig oppgir at dei er eit norsk selskap med adresse i Bærum. Finanstilsynet gjer oppmerksom på at Valstad Invest ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og selskapet har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtale eller overføre verdiar til Valstad Invest. 

Finanstilsynets register (https://www.finanstilsynet.no/register) inneheld informasjon om alle selskap som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er og ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve (https://www.finanstilsynet.no/markedsadvarsler) 

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less