Volere AS
Sist publisert: 16. april 2024
Finanstilsynet åtvarer mot investeringstilbod fra Volere AS
Finanstilynet har motteke opplysningar om at Volere AS har tilbode investeringstenester til norske investorar. Finanstilsynet har vurdert verksemda, og har pålagt Volere å stanse verksemda knyttet til investeringstenester. Vedtaket er påklaga.
Finanstilsynet gjer oppmerksom på at Volere AS ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsynskontroll over selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr.
Finanstilsynets register (http://www.finanstilsynet.no/register) inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det og ei liste (ikkje fullstendig) over aktører i marknaden som operer utan løyve (https://www.finanstilsynet.no/markedsadvarsler).
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.