Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Register for marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri >
Stor Finansen

Stor Finansen

Sist publisert: 13. oktober 2023

Finanstilsynet åtvarar mot finansierings- og forsikringsformidlingstenester frå Stor Finansen.

Stor Finansen driv ulovleg finansieringsverksemd og forsikringsformidlingsverksemd utan løyve. Finanstilsynet har fatta vedtak som pålegg Stor Finansen å stanse den ulovlege verksemda umiddelbart. Selskapet tilbyr dei ulovlege tenestene frå nettstaden www.storfinansen.no. Stor Finansen er ikkje registrert i Einingsregisteret, og oppgir heller ikkje noko organisasjonsnummer på nettsida si.

Finanstilsynet åtvarar derfor mot å nytte seg av tenester frå Stor Finansen, eller inngå nokon avtaler med selskapet.

Finanstilsynets register (http://www.finanstilsynet.no/register) inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve (https://www.finanstilsynet.no/markedsadvarsler)

Relatert innhold

  • Tilsynsrapport og vedtak - Stor Finansen

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less