Fokus Asset Investment
Publisert: 14. juni 2022
Finanstilsynet åtvarar mot investeringstilbod marknadsført av Fokus Asset Investment
Finanstilsynet er gjort merksam på ei internettside der det går fram at eit føretak med namnet Fokus Asset Investment, Trimveien 41, 3188 HORTEN, VESTFOLD OG TELEMARK Norway, tilbyr investeringstenester i Noreg.
Selskapet tilbyr tenester frå nettstaden: https://fokusassetinvestment.com/.
Nettstaden framstår som enkel og uprofesjonell, og det er grunn til å tru at det er svindel.
Finanstilsynet gjer oppmerksam på at Fokus Asset Investment ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsyn med selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtaler eller overføre verdiar til Fokus Asset Investment.
Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.