Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Register for marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri >
Fokus Asset Investment

Fokus Asset Investment

Sist publisert: 14. juni 2022

Finanstilsynet åtvarar mot investeringstilbod marknadsført av Fokus Asset Investment

Finanstilsynet er gjort merksam på ei internettside der det går fram at eit føretak med namnet Fokus Asset Investment, Trimveien 41, 3188 HORTEN​, VESTFOLD OG TELEMARK Norway, tilbyr investeringstenester i Noreg.

Selskapet tilbyr tenester frå nettstaden: https://fokusassetinvestment.com/.
Nettstaden framstår som enkel og uprofesjonell, og det er grunn til å tru at det er svindel.

Finanstilsynet gjer oppmerksam på at Fokus Asset Investment ikkje har godkjenning til å drive investeringstenester i Noreg, og føretaket har derfor ikkje nødvendig godkjenning etter norsk lov. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsyn med selskapet eller har godkjent tenestene som selskapet tilbyr. Finanstilsynet tilrår derfor investorar om ikkje å inngå avtaler eller overføre verdiar til Fokus Asset Investment.

Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less