Finanstilsynet åtvarar mot tenester frå Wizbank
Finanstilsynet er gjort merksam på ei internettside der det går fram at eit føretak med namnet Wizbank driv bankverksemd, og at dette føretaket har adresse i Noreg. Wizbank har ikkje løyve til å drive bankverksemd i Noreg, og Finanstilsynet åtvarar mot eventuelle tilbod som blir marknadsførte via nettsida.
Nettsida (wizbank.co) framstår som enkel og uprofesjonell, og det er grunn til å tru at det er svindel. Det er ikkje registrert noko føretak med namnet Wizbank i Finanstilsynet sitt verksemdregister.
Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.