Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Register for marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri >
Casa Concept Real Estate S.L.

Casa Concept Real Estate S.L.

Sist publisert: 8. desember 2025

Finanstilsynet gjer merksam på at det spanskregistrerte føretaket Casa Concept Real Estate S.L. ved merkenamnet CasaConcept ikkje har løyve til å drive verksemd etter norsk lov om eiendomsmegling.

Finanstilsynet har motteke opplysningar om at CasaConcept marknadsfører sal av eigedom i Spania til norske kjøparar.

Finanstilsynet gjer merksam på at CasaConcept ikkje har løyve frå Finanstilsynet som norsk eigedomsmeklingsføretak etter lov om eiendomsmegling. Dette inneber at Finanstilsynet ikkje har tilsyn med føretaket eller tenestene føretaket tilbyr. Finanstilsynet tilrår både kjøparar og seljarar av eigedommar som blir formidla av føretaket, å innhente nødvendig informasjon om relevant lokalt regelverk og føretaket sitt ansvar og rolle i eigedomshandelen, før dei inngår avtale med eller gjennom føretaket.

Finanstilsynet sitt verksemdsregister inneheld informasjon om alle eigedomsmeklingsføretaka som har løyve til å drive eigedomsmekling i medhald av eigedomsmeklingslova i Noreg.

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less