Fredlan Company
Publisert: 18. juni 2021
Finanstilsynet åtvarar mot lånetilbud marknadsført av Fredlan Company
Finanstilsynet har motteke opplysningar om at Fredlan Company (adresse Trekanten, 8305 Samsø, Danmark) marknadsfører seg som kredittformidlar, og tilbyr forbrukslån i Norge via nettsida https://fredlancompany.com/no/index.html og Facebook: Fredlan: Lån uten egenkapital.
Finanstilsynet gjer merksam på at Fredlan Company ikkje har konsesjon som bank verken i Norge eller i Danmark, og har heller ikkje løyve til å formidle kreditt eller forbrukslån i Norge. Fredlan Company er heller ikke registrert i "FSMA-registeret". Dette inneber at Finanstilsynet i Norge eller Finanstilsynet i Danmark ikkje fører tilsyn med føretaket og har ikkje godkjent tenestene føretaket tilbyr. Finanstilsynet åtvarar derfor mot å inngå avtaler eller overføre verdiar til Fredlan Company.
Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby banktenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.
Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.