Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Register for marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri >
Finanstilsynet åtvarar mot tenester frå Nordic Cloud Bank

Finanstilsynet åtvarar mot tenester frå Nordic Cloud Bank

Sist publisert: 5. november 2021

Finanstilsynet er gjort merksam på ei internettside der det går fram at eit føretak med namnet Nordic Cloud Bank driv bankverksemd i Noreg via det dei kallar eit 'outreach office' i Noreg. Nordic Cloud Bank har ikkje løyve til å drive bankverksemd i Noreg, og Finanstilsynet åtvarar mot eventuelle tilbod som blir marknadsførte via nettsida.

Nettsida (nordiccloudbank.com) framstår som svært uprofesjonell, og det er grunn til å tru at det er svindel. Det er ikkje registrert noko føretak med namnet Nordic Cloud Bank i Finanstilsynet sitt verksemdregister.

Finanstilsynets register inneheld informasjon om alle føretak som har løyve til å tilby investeringstenester i Noreg. På nettstaden til Finanstilsynet er det òg ei liste (ikkje fullstendig) over aktørar i marknaden som opererer utan løyve.

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less