Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Register for marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri >
Cash FX Group

Cash FX Group

Sist publisert: 23. mars 2023

Finanstilsynet åtvarar forbrukarar mot å investere gjennom Cash FX Group.

Cash FX Group er eit selskap registrert i Panama som tilbyr tenester som skal gi moglegheit for høg avkasting i valutamarknaden. I Noreg er det mellom anna CFX Team Norge som marknadsfører verksemda til selskapet. Selskapet har ikkje løyve til å tilby investeringstenester i Noreg, og Finanstilsynet åtvarar forbrukarar mot å investere gjennom Cash FX. Dersom du investerer i dette selskapet, kan du risikere å tape alle pengane dine.

Finanstilsynet åtvara mot selskapet hausten 2020 òg, og Lotteritilsynet publiserte ei åtvaring mot selskapet våren 2021 på bakgrunn av at verksemda har fleire fellestrekk med, og framstår som, eit ulovleg pyramidespel. Fleire europeiske tilsynsmyndigheiter, mellom anna i Sverige og Irland, har nyleg òg åtvara mot selskapet.

Cash FX Group har ikkje løyve til å tilby investeringstenester eller drive investeringsverksemd i Noreg. Dette inneber at investeringane ikkje er underlagde dei same reglane for investor- og forbrukarvern som gjeld for føretak som har nødvendig løyve. Selskap som er etablerte i land utanfor EU/EØS, kan ikkje drive investeringsverksemd i Noreg utan først å ha godkjenning frå Finanstilsynet. At selskapet eventuelt er regulert og sertifisert av tilsynsmyndigheiter utanfor EU/EØS, er ikkje tilstrekkeleg.

Reglane for investeringstenester stiller strenge krav til investor- og forbrukarvern. Det er stor risiko for å tape pengane og bli lurt dersom du investerer i eit selskap som ikkje har nødvendig løyve.

Finanstilsynet er kjend med at privatpersonar i Noreg som deltek i Cash FX Group, aktivt forsøker å verve nye kundar til føretaket, med løfte om høg forteneste. Finanstilsynet minner om at både yting av investeringstenester utan nødvendig løyve og medverknad til dette, er ulovleg og kan føre til ilegging av lovbrotsgebyr og/eller melding til politiet.

Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri

Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk.

Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less