Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

CRR FINREP

Eit utval bankar skal rapportere finansiell informasjon (FINREP) til myndigheitene. 

Rapportering

CRR FINREP

Rapporteringa av finansiell informasjon (FINREP) skal frå og med referansedato 31. mars 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som ei zip‑fil i XBRL.CSV‑format. Tidlegare vart kapitaldekningsrapporteringa rapportert gjennom KRT‑1081‑skjemaet i Altinn.

Filnamnet for zip‑fila må følgje ein fastsett struktur. Nedanfor følgjer eit døme på filnamn for FINREP‑rapportering med referansedato 31. mars 2026. Merk at modulkoden som er forventa i filnamnet, er FINREP9.

Eksempel: 999888777.CON_FINREP9_2026-03-31_20260402013221100.zip

Ei nærare forklaring på korleis zip‑fila skal namngivast, finst på sida Krav til filnamn i e‑Reg.

Gå til informasjonssiden for rapportering gjennom e-Reg

FINREP-rapportering med IFRS 18 frå første kvartal 2027

EBA har publisert det tekniske rapporteringsrammeverket for versjon 4.4 fase 1. Dette inneheld mellom anna informasjon om dei to alternativa for overgangen til IFRS 18. EBA har òg gitt ei erklæring om implementeringa av IFRS 18.

Rammeverket inneheld ein eigen FINREP-modul tilpassa IFRS 18. Modulen skal gjere det mogleg for føretaka å rapportere etter IFRS 18 når standarden tek til å gjelde 1. januar 2027, og fram til dei tilhøyrande endringane i ITSen for rapportering av FINREP tek til å gjelde.

Overgangsordninga for FINREP-rapportering etter IFRS 18 gjeld for første, andre og moglegvis tredje kvartal 2027. Finanstilsynet tilrår at føretaka tek i bruk IFRS 18-modulen frå og med første kvartal 2027.

Finanstilsynet ber føretak som vil halde fram med å rapportere etter gjeldande FINREP-versjon i overgangsperioden, om å informere Finanstilsynet om dette via e-Reg. Føretak som vil nytte IFRS 18-modulen, treng ikkje gi slik informasjon. Dei FINREP-skjemaa som ikkje inngår i den mellombelse IFRS 18-modulen, skal framleis rapporterast i FINREP9-modulen i e-Reg.

Kven skal rapportere?

Av CRR artikkel 99 (2) går det fram at institusjonar skal rapportere finansiell informasjon til myndigheitene. Dette gjeld institusjonar som er omfatta av Artikkel 4 og andre kredittinstitusjonar som utarbeider konsoliderte rekneskapar i følge internasjonale rekneskapsstandardar etter artikkel 6 (2) i Regulation (EC) No 1606/2002. Bankar som tilfredsstiller eitt av dei to følgande kriteria, er dermed pålagde rapportering av FINREP, på konsolidert (bankkonsern-) nivå:

  • institusjonar som har verdipapir noterte på regulert marknad og utarbeider konsernrekneskap
  • kredittinstitusjonar som ikkje har verdipapir noterte på regulert marknad, men som utarbeider konsernrekneskap etter IFRS

Bankar som ikkje rapporterer konsolidert kapitaldekning, skal ikkje rapportere FINREP.  

Kva skal føretaka rapportere?

Den siste versjonen av FINREP finst på nettstaden til EU-kommisjonen og på nettstaden til den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA). Skjemaa og rettleiingane er vedlegg til ITS (Implementing Technical Standard) on Supervisory Reporting (Annex III og Annex V for skjema og rettleiing) for gjeldande «reporting framework»:

  • EBA reporting frameworks

Rapporteringsfrister

FINREP skal rapporteres kvartalsvis, der noen tabeller kun rapporteres halvårlig eller årlig. Rapporteringsfristen er rundt den 11. i andre måned etter kvartalets slutt.

1. kvartal: 12. mai
2. kvartal: 11. august
3. kvartal: 11. november
4. kvartal: 11. februar  

Innsending av korreksjoner for perioder før første kvartal 2026

Som følge av innføringen av ny rapporteringsløsning og avviklingen av Altinn 2, er historiske KRT-skjemaer for FINREP via Altinn ikke lenger tilgjengelige.

For korrigering av rapportering med referansedato før første kvartal 2026 skal skjema KRT-3090 benyttes via Altinn. Dette skjemaet behandles manuelt. Dette innebærer at det må påregnes lengre behandlingstid for tilbakemelding enn normalt. Vi ber derfor om at skjemaet kun benyttes for vesentlige korreksjoner.

Ved korrigering av tidligere rapportering må korrekt taksonomiversjon benyttes, basert på referansedatoen rapporteringen gjelder for. 

KRT-3090 skal kun benyttes til innsending av XBRL-XML-filer (gammelt filformat) for rapportering med referansedato før første kvartal 2026.

For korrigering av rapportering fra og med første kvartal 2026 skal e-Reg benyttes.

EBA XBRL reinnsending med referansedato før 31.3.2026 (KRT-3090)

CRD/CRR-rapporteringa

Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.

EBA reporting frameworks

Kontakt

Rapporteringsansvarlege for bankar:

E-post

Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less