CRR Sikkerheitsstilte eigedelar (AE)
Denne sida beskriv rapporteringskrava for sikkerheitsstilte eigedelar («asset encumbrance»). Ein eigedel er stilt som sikkerheit dersom han har blitt pantsett, eller dersom han på ein annan måte blir nytta som sikkerheit for ein transaksjon, som fører til at eigedelen ikkje fritt kan bli omdisponert.
Rapportering
CRR Sikkerheitsstilte eigedelar (AE)
Rapporteringa av sikkerheitsstilte eigedelar (AE) skal frå og med referansedato 31. mars 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som ei zip‑fil i XBRL.CSV‑format. Tidlegare vart rapporteringa utført gjennom KRT‑1084‑ og KRT‑1085‑skjemaa i Altinn.
Kven skal rapportere?
Alle bankar og kredittføretak skal rapportere skjemaet om sikkerheitsstilte eigedelar (skjema A), både på konsolidert og ikkje-konsolidert nivå.
Rapportering av dei øvrige skjemaa er bestemt av (EU) 2021/451 art. 19 (3) og avheng av klassifiseringa til føretaket etter kapitalkravsforordninga.
Kva skal føretaka rapportere?
Føretaka skal rapportere desse skjemaa:
- A: Oversikt over sikkerhetsstillelser (F 32.01 - F 32.04)
- B: Løpetidsinndeling (F 33.00)
- C: Betingede sikkerhetsstillelser (F 34.00)
- D: OMF (F 35.00)
- E: Detaljerte data (F 36.01 - F 36.02)
Rapporteringsfristar
Føretaka skal rapportere skjema A, B og D kvartalsvis, skjema E halvårleg og skjema C årleg. Det er dei same fristane som for øvrig CRR / CRD IV-rapportering.
CRD/CRR-rapporteringa
Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.