Resultatrapport verdipapirføretak og fondsforvaltarar
Finanstilsynet utarbeider kvart halvår ein resultatrapport med utgangspunkt i tal frå halvårsoppgåvene frå verdipapirføretak, forvaltingsselskap for verdipapirfond og AIF-forvaltarar med konsesjon, og kvartalsoppgåver for verdipapirfond. Merk at føretaka rapporterer foreløpige tal til Finanstilsynet. Tala kan derfor bli korrigerte.
Frå og med andre halvår 2023 vil ikkje Finanstilsynet lenger publisera «Resultatrapport for verdipapirføretak, forvaltningsselskap og AIF-forvaltarar». For statistikk om verdipapirføretak og fondsforvaltarar sjå Statistikk for verdipapirføretak eller Statistikk for forvaltingsselskap og AIF-forvaltarar.