Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Publikasjonar og analysar >
Årsrapport >
Årsrapport 2023 >
Rapportar frå tilsynsområda for 2023 >
Prospektkontroll – omsettelege verdipapir

Prospektkontroll – omsettelege verdipapir

Sist publisert: 20. februar 2024

Finanstilsynet kontrollerer at prospekt inneheld opplysningane som krevst. I 2023 godkjende Finanstilsynet totalt 91 prospekt, som var noko lågare enn i 2022. To selskap fekk gebyr for brot på plikta til å utarbeide EØS-prospekt. Eitt selskap fekk kritikk for brot på prospektreglane.

Fakta om prospekt kontrollerte av Finanstilsynet

Eit prospekt skal gi relevant informasjon om det aktuelle føretaket i samband med eit offentleg tilbod eller opptak til notering på ein regulert marknad.

  

2019

2020

2021

2022

2023

Aksjar
(noterte aksjar i parentes)

54
(46)

50
(45)

55
(48)

58
(48)

40
(35)

Obligasjonar

68

71

  52

47

51

Sum

122

121

107

105

91

 Kjelde: Finanstilsynet

Gjennomføring av prospektkontroll i 2023

Kapitalmarknaden i 2023 var prega av den makroøkonomiske situasjonen, med høge rentenivå og stor uvisse, og det var ein nedgang i talet på prospekt knytt til nye aksjenoteringar. Talet på aksjeprospekt for allereie noterte selskap var også noko lågare enn i dei seinare åra, medan talet på prospekt for obligasjonsutferdingar synest mindre påverka av marknadsforholda.

I 2023 godkjende Finanstilsynet totalt 91 prospekt, som var noko lågare enn i 2022.

Finanstilsynet avbraut 18 kontrollprosessar i 2023 (mot 17 i 2022) etter at kapitalinnhentingar og/eller noteringar blei avlyste.

Finanstilsynet starta i 2023 kontroll av 13 prospekt for nye aksjenoteringar (mot 29 i 2022). Av desse vart   seks prospekt (mot 19 i 2022) nytta i samband med førstegongsnotering av aksjar på Oslo Børs eller Euronext Expand, medan resten av prosessane blei avbrotne. Finanstilsynet godkjende 29 prospekt for allereie noterte selskap og førstegongsnoteringar. I tillegg kontrollerte tilsynet fem prospekt for aksjeemisjonar i unoterte selskap. Talet på obligasjonsprospekt i 2023 var omtrent på same nivå som i 2022, med høvesvis 51 mot 47.

Forvaltningssaker

I 2023 gav Finanstilsynet to selskap gebyr for brot på plikta til å utarbeide EØS-prospekt. Eitt selskap fekk kritikk for brot på prospektreglane.

Regelverksarbeid

Finansdepartementet sende i oktober eit forslag frå Finanstilsynet om gjennomføring av forventa EØS-reglar om grøne obligasjonar på høyring. Reglane etablerer ein felleseuropeisk standard for obligasjonar som blir utferda som European Green Bonds, stiller mellom anna krav til korleis provenyet blir nytta og pålegg utferdarar opplysningskrav.

Rapporter fra andre tilsynsområder:

  • Bankar og anna finansieringsverksemd

  • Forsikring og pensjon

  • Infrastruktur på verdipapirområdet

  • Marknadsåtferd i verdipapirmarknaden

  • Verdipapirføretak

  • Fond og kollektive investeringar

  • Finansiell rapportering

  • Rekneskapsførarverksemd

  • Revisjon

  • Eigedomsmekling

  • Inkassoverksemd

Til toppen av siden expand_less
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less