Historie

Kredittilsynet blei oppretta i 1986 då Bankinspeksjonen og Forsikringsrådet blei slått saman. Meklarkontrollen var allereie innfusjonert i Bankinspeksjonen frå 1983. 21. desember 2009 skifta Kredittilsynet namn til Finanstilsynet, som er meir i tråd med internasjonal praksis og reflekterer betre det vide spekteret av tilsynsoppgåver som omfattar heile finanssektoren. 

Finanstilsynet markerte i oktober 2016 at det var 30 år som integrert finanstilsyn, og at det var det første tilsynet i dei vestlege landa som etablerte eit samla tilsyn med bank-, forsikrings- og verdipapirverksemdene.I samband med 30-årsmarkeringa gav den førre direktøren i Finanstilsynet, Bjørn Skogstad Aamo, ut boka Læring fra kriser.

Noreg har likevel hatt finanstilsyn i over hundre år, og det første banktilsynet blei etablert i år 1900 ved tilsetjinga av den første sparebankinspektøren. Deretter blei Forsikringsrådet oppretta i 1912, og Meklarkontrollen i 1918.Integrert finanstilsyn er blitt ein modell som fleire og fleire land har valt, og dei fleste landa i Europa har no samla tilsynet med bank-, forsikrings- og verdipapirområdet på éin stad, slik ein òg ser at dei store finansinstitusjonane tilbyr desse tenestene innan same konsern.

Fleire oppgåver

Finanstilsynet har òg tilsyn med inkasso, eigedomsmekling, rekneskapsførarverksemd og revisjon. Dåverande Kredittilsynet fekk tilsyn med inkasso i 1989, då den første inkassolova trådde i kraft. Eigedomsmekling har det vore tilsyn med i Noreg sidan 1931, først gjennom Meklarkontrollen, som var underlagd Handelsdepartementet, og seinare gjennom Bankinspeksjonen då Meklarkontrollen blei innpassa der i 1983.

Tilsynet med rekneskapsførarar blei utvida då det blei overført til Kredittilsynet i 1999 frå Autorisasjonsstyret for rekneskapsførarar, som hadde administrert den offentlege autorisasjonsordninga frå 1993–1998. Kredittilsynet fekk tilsynet med revisorar frå 1988 då forvaltingsansvaret for rekneskaps- og revisjonslovgivinga blei overført til Finansdepartementet frå Handelsdepartementet og for ein vesentleg del delegert til Kredittilsynet.

Frå og med 2005 fekk Kredittilsynet tilsyn med at rekneskapane til børsnoterte føretak blir avlagde i tråd med internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS), og i 2010 overtok Finanstilsynet prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir, som Oslo Børs hadde hatt fram til då.

Publikasjonar som beskriv Finanstilsynets/ Kredittilsynets historie

Boka Vern mot kriser? Norsk finanstilsyn gjennom 100 år av Sverre Knutsen og Gunhild J. Ecklund (Fagbokforlaget) blei gitt ut i år 2000 og presenterer utviklinga av det norske finanstilsynet fram mot etableringa av Kredittilsynet og utviklinga av internasjonaliserte finansmarknader. 

Artikkelen "Finansiell stabilitet og velfungerende markeder? – Finanstilsyn etter det nyliberale skiftet" i Kredittilsynets jubileumsskrift frå 20-årsmarkeringa i 2006, Erfaringer og utfordringer - 20 år som integrert finanstilsyn, av Sverre Knutsen kan lesast som eit framhald av Vern mot kriser? Artikkelen legg særleg vekt på hovudlinjene frå etableringa i 1986, med utviklinga av eit integrert tilsyn og kva for rolle tilsynet har hatt i denne perioden.

Boka Læring fra kriser av Bjørn Skogstad Aamo (Fagbokforlaget) blei gitt ut i 2016 og beskriv korleis lærdom frå bankkrisa i 1991–93 bidrog til at Noreg kom betre frå den internasjonale finanskrisa i 2008–2009 enn andre land. Boka fortel i tillegg om utviklinga av Kredittilsynet (seinare Finanstilsynet) sidan starten i 1986.