Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Bevilling til å drive inkassoverksemd – Krav til søknaden

Rundskriv

Bevilling til å drive inkassoverksemd – Krav til søknaden

Rundskrivet gjeld for:

Inkassoforetak nr. 2

 

Til inkassoforetaka

Ved lov 16. mars 2001 nr. 8 blei det vedteke endringar i inkassolova. Definisjonen av inkassoverksemd blei utvida til å gjelde oppkjøp av pengekrav som har forfalle og eiga inndriving av desse. Inkassolova krev no at alle føretak som driv inkasso må ha bevilling. Det blei 21. desember 2001 vedteke overgangsreglar for endringane. Etter denne forskrifta er føretak som før 1. januar 2002 har drive inkassoverksemd med løyve etter inkassolova § 5 gitt frist til 31. desember 2002 med å søkje bevilling i samsvar med dei nye reglane. Formålet med dette rundskrivet er å gjere merksam på dei krav Kredittilsynet stiller for å gi bevilling til å drive inkassoverksemd.

Før lovendringa blei inkassoverksemd drive etter personlege bevillingar (nedanfor omtala under C). Inkassolova regulerer no tre forskjellige bevillingar. Alle bevillingane har heimel i § 5 i lova. I tillegg til personleg bevilling, blir det kravd bevilling for å drive inn pengekrav som har forfalle for andre (nedanfor under A) og oppkjøp av pengekrav som har forfalle og eiga inndriving av desse (nedanfor under B).

Forarbeida (Ot.prp. nr. 26 (2000–2001) s. 33) talar klart for at det same føretaket ikkje kan både drive inn pengekrav som har forfalle for andre og drive oppkjøp/gjere inndriving av eigne krav. Kredittilsynet tilrår at det går fram av formålet i vedtektene kva for verksemd føretaket driv.

A) Bevilling for føretak som driv inn pengekrav som har forfalle for andre

  • Føretaket må vere registrert i Føretaksregisteret (§ 4 første ledd). Dette skal dokumenterast ved å leggje fram firmaattest.
  • I selskap med avgrensa ansvar må verdien av eigedelane vere større enn den samla gjelda i selskapet (§ 4 andre ledd). Selskap som på tidspunktet for søknaden er under tilsyn av Kredittilsynet, treng ikkje å dokumentere dette. Selskap som på tidspunktet for søknaden ikkje er under tilsyn, må dokumentere positiv eigenkapital ved erklæring frå revisor. For nystifta selskap (nyare enn to månader) er det tilstrekkeleg at det går fram av firmaattesten at aksjekapitalen er innbetalt.
  • Føretaket må ha fast forretningsstad i Noreg (§ 5 første ledd bokstav b). Dette vil gå fram av firmaattesten.
  • Føretaket må stille sikkerheit (§ 5 første ledd bokstav c, jf. § 23). Ifølgje inkassoforskrifta av 14. juli 1989 § 3–2 blir sikkerheita stilt ved at det hos Kredittilsynet skal deponerast ei erklæring frå eit norsk skadeforsikringsselskap eller eit anna finansføretak. Dersom føretaket alt har deponert erklæring hos Kredittilsynet, er dette tilstrekkeleg dersom dokumentet er påført organisasjonsnummer.
  • Den som faktisk leier inkassoverksemda må ha personleg bevilling (§ 5 første ledd bokstav a). Justisdepartementet har svara på tolkingsspørsmål frå Kredittilsynet når det gjeld overgangen frå fagleg til faktisk leiar.

    Justisdepartementet har uttalt dette om kven i føretaket som skal vere faktisk leiar:

    ”Normalt vil bevilling for inkassoforetak avhenge av at daglig leder i foretaket har bevilling. Det vil imidlertid ikke alltid være slik. Loven stiller krav om at den faktiske lederen av inkassovirksomheten, ikke foretaket, har bevilling. Hvis foretaket også driver andre typer virksomhet, kan det være at en leder på lavere nivå må anses som den faktiske lederen av inkassovirksomheten. Det kan også tenkes andre variasjoner i organiseringen av et inkassoforetak som gjør at andre enn den daglige lederen av foretaket må anses som den faktiske lederen av inkassovirksomheten."

    Når det gjeld spørsmålet om eit inkassoføretak kan ha fleire faktiske leiarar, har Justisdepartementet uttalt dette:

    ”Vi har på denne bakgrunn kommet til at et inkassoforetak kan ha flere faktiske ledere. Kredittilsynet kan også pålegge foretak å ha en faktisk leder med inkassobevilling for hver avdeling dersom én bevillingshaver vanskelig kan ha en betryggende ledelse av inkassovirksomheten ved flere avdelinger.

    En forutsetning for å ha flere faktiske ledere, er at disse har hver sine ansvarsområder. Foretaket kan som utgangspunkt ikke ha to eller flere faktiske ledere for samme avdeling eller samme saksportefølje e.l. Hvorvidt en bevillingshaver skal regnes som ”faktisk leder”, vil bl.a. bero på hvilket ansvar vedkommende har, og hvordan foretakets inkassovirksomhet er organisert”.           

Kredittilsynet vil på bakgrunn av dette normalt krevje at inkassoføretak har minst ein faktisk leiar på kvart avdelingskontor. Ein person kan vere faktisk leiar for fleire avdelingskontor, men dette må i det enkelte tilfellet godkjennast av Kredittilsynet. Føretak kan ha fleire faktiske leiarar på kvart avdelingskontor, men leiaransvaret må då vere klart definert og avgrensa frå andre sitt ansvar. Kredittilsynet skal til ei kvar tid vere informert om kven som er faktisk(e) leiar(ar) i føretaket. Dette må gå fram av søknaden gjennom erklæring frå leiar(ane), og endringar må rapporterast skriftleg før skiftet finn stad.

B) Bevilling for føretak som driv oppkjøp av pengekrav som har forfalle og eiga inndriving av desse

Desse føretaka har tidlegare ikkje vore under tilsyn av Kredittilsynet. Vilkåra for å få bevilling er at:

  • Føretaketet må vere registrert i Føretaksregisteret (§ 4). Dette skal dokumenterast ved å leggje fram firmaattest.
  • Føretaket må ha fast forretningsstad i Noreg (§ 5 fjerde ledd). Dette vil og gå fram av firmaattesten. 
  • Faktisk leiar må leggje fram politiattest og elles godtgjere å ha heiderleg vandel (§ 5 fjerde ledd).

På Internett-sidene til Kredittilsynet er det lagt ut eit skjema som må fyllast ut av dei som skal vere faktiske leiarar i føretak som driv oppkjøp av forfalle pengekrav og eiga inndriving av desse. Her skal det mellom anna svarast på spørsmål om vandel.

Ifølgje forarbeida til endringane i inkassolova (Ot.prp. nr. 26 (2000–2001) s. 37 og 52) kan Kredittilsynet stille vilkår for desse føretaka. På same måte som for føretak som driv inn pengekrav som har forfalle for andre, vil Kredittilsynet normalt krevje at det er minst ein faktisk leiar på kvart avdelingskontor. Ein person kan vere faktisk leiar for fleire avdelingskontor, men dette må i det enkelte tilfellet godkjennast av Kredittilsynet. Føretak kan ha fleire faktiske leiarar på kvart avdelingskontor, leiaransvaret må då vere klart definert og avgrensa frå andre sitt ansvar. Kredittilsynet skal til ei kvar tid vere informert om kven som er faktisk(e) leiar(ar) i føretaket. Dette må gå fram av søknaden gjennom erklæring frå leiar(ane), og endringar må rapporterast skriftleg før skiftet finn stad.

Det følgjer av inkassolova § 4 fjerde ledd at inkassoverksemd som gjeld oppkjøp og inndriving av pengekrav som har forfalle kan drivast utan bevilling av institusjonar som har rett til å drive finansieringsverksemd etter ”lov om finansieringsvirksomhet”.

C) Personleg bevilling

Vilkåra for å få personleg bevilling etter reglane i § 5 andre ledd svarer til dei tidlegare vilkåra:

  • Søkjaren må ha minst tre år med praktisk erfaring frå inndriving av pengekrav i løpet av dei siste 10 åra. Praksis skal dokumenterast med attest frå arbeidsgivar(ar) som viser at søkjaren har tilstrekkeleg lang erfaring, samt at arbeidet har gitt trening i heile prosessen med å drive inn pengekrav.
  • Søkjaren må leggje fram politiattest og elles godtgjere å ha heiderleg vandel.
  • Søkjaren må vere skikka til å vere faktisk leiar for inkassoverksemd.

Kredittilsynet har utarbeidd eit skjema som må nyttast ved søknad om personleg bevilling. Skjemaet ligg på Internett-sidene til Kredittilsynet.

 

Eirik Bunæs

Wilhelm Mohn Grøstad