Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Endringar i kapitaldekningsoppgåva for forsikringsselskap og pensjonskasser

Rundskriv

Endringar i kapitaldekningsoppgåva for forsikringsselskap og pensjonskasser

Rundskrivet gjeld for:

Skadeforsikringsselskap nr. 4
Livsforsikringsselskap nr. 4
Pensjonskasser nr. 3
Innskotspensjonsføretak nr. 2
Holdingselskap nr. 2

Kredittilsynet informerer med dette om at det er gjort endringar i kapitaldekningsoppgåva for forsikringsselskap og pensjonskasser. Endringane vil gjelde frå og med rapporteringa per 31. desember 2008 (fjerde kvartal). Bakgrunnen for endringane er nye reglar for verksemder innan livsforsikring frå 2008 (lova om forsikringsverksemd) og IFRS-tilpassingar i forskrift av 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper (forskrifta om årsrekneskap), som blei gjennomførde med Finansdepartementet si endringsforskrift av 4. april 2008. Endringane er gjorde for å få samsvar mellom kapitaldekningsrapporteringa og rapporteringa i FORT/PORT.

Dette rundskrivet erstattar dei tidlegare rundskriva 12/2007 og 16/2007.

Dei største strukturelle endringane er gjorde i skjema 13 og 32. Endringane i dei andre skjema omfattar i hovudsak ny vekting og innføring av enkelte nye postar, i tillegg til nokre språklege justeringar.

Eksempel på endringane i skjema 13 er at skiljet mellom kortsiktige plasseringar i verdipapir og anleggsmiddel er fjerna, og at utlån skal rapporterast netto (etter nedskrivingar). Postane for behaldning av aksjar/grunnfondsbevis og eigne instrument er fjerna, og ein ny post for gjenforsikringsandel av forsikringstekniske bruttoavsetningar i livsforsikring er teken inn. I skjema 32 er det innført nye postar som følgje av IFRS-tilpassingar.

Det blir vist til rettleiinga for nærmare informasjon. Ny rettleiing og nytt rekneark er tilgjengelege frå Kredittilsynet sin nettstad.

Emil Steffensen                                             

Anne Stine Aakvaag

Kontakt