Endring av praksis: Norske filialar av utanlandske forsikringsføretak kan sjølv føre agentregister
Rundskriv
Publisert: 31. oktober 2008
Sist endret: 18. desember 2019
Dokumentnummer: 9/2008
Rundskrivet gjeld for:
Livsforsikringsselskap nr. 3
Skadeforsikringsselskap nr.3
Filialar av utanlandske livsforsikringsselskap nr. 2
Filialar av utanlandske skadeforsikringsselskap nr. 2
Pensjonskasser nr. 2
Pensjonsfond nr. 1
Innskotspensjonsføretak nr. 1
Sjøtrygdelag nr. 1
Brannkasser nr. 1
Forsikringsagentføretak nr. 1
Forsikringsmeklingsføretak nr. 1
Gjenforsikringsmeklingsføretak nr. 1
Aksessorisk forsikringsagentverksemd nr. 1
Etter lova om forsikringsformidling § 7-1 skal forsikringsselskapa sjølv føre register over agentane sine. For forsikringsselskap som har hovudsete i andre land enn Noreg, skal Kredittilsynet etter § 7-10 i lova gjere denne registreringa.
Kredittilsynet har tidlegare lagt til grunn at agentføretak som er agent for forsikringsselskap som er norsk filial av utanlandsk føretak (NUF), skal førast opp i Kredittilsynet sitt register. Etter ei ny vurdering har Kredittilsynet kome til at utanlandske forsikringsselskap med hovudsete i EØS, og som har etablert forretningsstad i Noreg, kan nytte det same systemet for registrering av agentar som norske forsikringsselskap.
Det betyr at norske filialar av utanlandske forsikringsselskap med hovudsete innanfor EØS-området sjølv kan føre agentregister. Det blir presisert at dette er noko forsikringsselskapa har høve til, men ikkje plikt til. Reglane om føring av agentregister finst i lova om forsikringsformidling § 7-1 og i forskrifta om forsikringsformidling av 09.12.2005 nr. 1421, kapittel 4.
Etter forskrifta om forsikringsformidling § 4-1 første ledd siste punktum skal Kredittilsynet ha melding frå generalagenten til selskapet om den elektroniske adressa til registeret, jf. § 6 i filialforskrifta av 22.09.1995, nr. 827.
Forsikringsagentføretaka må sjå til at føretaket ikkje er registrert både i Kredittilsynet sitt register og i registeret til forsikringsselskapet. I tilfelle der forsikringsagentføretaket representerer fleire NUF-forsikringsselskap, må alle selskapa sjølv føre register. Dersom eitt eller fleire av NUF-selskapa ikkje fører eige register, skal agentføretaket være ført opp i Kredittilsynet sitt register. Dersom agentføretaket er agent for eit forsikringsselskap som driv grensekryssande verksemd inn i Noreg, skal agentføretaket være ført opp i Kredittilsynet sitt register.
Forsikringsagentføretak som er førde opp i registeret til Kredittilsynet per 31. desember, blir normalt utlikna for tilsynsavgift det følgjande året.
Emil Steffensen
Ellen Jakobsen
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.