Pressebrief om ROS-analysen 2022 torsdag 12. mai
Nyheter
Publisert: 9. mai 2022
Sist endret: 13. mai 2022
Den årlege rapporten til Finanstilsynet om risiko og sårbarheit i finanssektoren sin bruk av IKT oppsummerer funn frå tilsyn i 2021 og omtaler utviklingstrekk og korleis føretaka og bransjen etterlever regelverket.
Journalistar/fotografar som ønsker det, kan møte opp fysisk i lokalet til Finanstilsynet. Du kan òg følge pressekonferansen via nett-tv.
Tid: torsdag 12. mai kl. 10.30–11.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)
Journalistar/fotografar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, må melde seg på innan onsdag 11. mai kl. 14.00. Bruk e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no
Seksjonssjef for IT og betalingstenester Olav Johannessen vil presentere ROS-analysen.
Blant tema han vil presentere, er:
- Vurdering av den finansielle infrastrukturen
- Risikoar som følge av krigen i Ukraina
- Føretaka si handtering av koronapandemien
- Det digitale trusselbiletet, kriminalitet og svindel
- Sosial manipulering
- Resultat frå tilsyn med føretak
- Utvikling og risiko ved utkontraktering av IKT-tenester
- Betalingssystem og -tenester: Risiko knytte til bruk av digitale tenester
- Finanstilsynet si oppfølging av rapporterte hendingar i føretaka
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir svara på i sjølve sendinga.
Seksjonssjef Olav Johannessen er tilgjengeleg for intervju rett etter sendinga. Media som ønsker intervju, kan sende e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no, eller ringe pressetelefonen på tlf. 40 90 03 50.