Pressekonferanse torsdag 18. november: Bustadlånundersøkinga 2021
Nyheter
Publisert: 15. november 2021
Finanstilsynet presenterer resultata frå årets bustadlånundersøking.
Tid: Torsdag 18. november 2021 kl. 10.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)
Journalistar/fotografar som ønsker det, kan møte opp fysisk.
Du kan òg følge pressekonferansen via nett-tv.
Finanstilsynet gjennomfører årlege utvalsundersøkingar av utlånspraksisen av nye lån med pant i bustad frå dei største bankane.
Årets undersøking går mellom anna gjennom:
- Utviklinga i gjelda til låntakarane i prosent av brutto årsinntekt
- Utviklinga i låntakarane sine lån med pant i bustad i prosent av forsvarleg verdigrunnlag
- Utviklinga i lån til førstegangskjøparar
Journalistar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, må melde seg på innan onsdag 17. november kl. 14.00. Bruk e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga.
Etter pressekonferansen kan òg ein-til-ein-intervju per telefon / Teams avtalast ved å sende ein e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no
Hugs å ta med pressekort/legitimasjon, og du må berekne litt ekstra tid ved frammøte for registrering.
Presentasjonen er ved direktør for digitalisering og analyse Per Mathis Kongsrud og seksjonssjef Thea Birkeland Kloster i seksjon for analyse og rapportering.
Relevant
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.