Finanstilsynet inviterer til pressekonferanse torsdag 2. desember
Nyheter
Publisert: 29. november 2021
Sist endret: 2. desember 2021
Finanstilsynet legg fram rapporten Finansielt utsyn – desember 2021.
Tid: torsdag 2. desember kl. 10.30–11.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)
Sjå sendinga her:
Journalistar/fotografar som ønsker det, kan møte opp fysisk i lokalet til Finanstilsynet. Du kan òg følge pressekonferansen via nett-tv.
I presentasjonen vil Finanstilsynet drøfte utviklinga og sårbarheiter i marknadene og finansnæringa, og utsiktene for finansiell stabilitet. I tillegg legg tilsynet fram ein analyse av klimarisikoen for norsk økonomi og norske bankar med utgangspunkt i to scenario for overgangen til eit lågutslippssamfunn.
Journalistar/fotografar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, må melde seg på innan onsdag 1. desember kl. 14.00. Bruk e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no.
Hugs å ta med pressekort/legitimasjon. Du må berekne litt ekstra tid ved frammøte for registrering.
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga.
Etter pressekonferansen er det mogleg å avtale ein-til-ein-intervju per telefon eller Teams ved å sende ein e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.