Nett-tv - pressebrief om ROS-analysen 2020 torsdag 14. mai
Nyheter
Publisert: 12. mai 2020
Sist endret: 14. mai 2020
Den årlege rapporten til Finanstilsynet om risiko og sårbarheit i finanssektoren sin bruk av IKT oppsummerer funn i 2019 og omtaler utviklingstrekk og korleis føretaka og bransjen etterlever regelverket.
NB! Denne pressebriefen vil berre vere tilgjengeleg via nett-tv på Finanstilsynet sin nettstad grunna restriksjonar og framleis smittefare av koronaviruset. Det vil ikkje vere høve til å møte opp personleg i Finanstilsynet sine lokale for å følge han.
Det er inga påmelding til pressebriefen, og han er åpen for alle interesserte.
Tid: Torsdag 14. mai kl. 10.30–11.30
Seksjonssjef for IT og betalingstenester Olav Johannessen vil presentere ROS-analysen.
Blant temaa han vil presentere, er:
• Digital kriminalitet og svindel
• Sårbarheit ved finansføretaka sin bruk av IKT
• Utviklingstrekk i finansiell teknologi og utkontraktering
• Betalingssystema
• Utviklingstrekk i betalingstenester, mellom anna PSD 2-regelverket
• Resultat frå tilsyn med føretak og oppfølging av rapporterte hendingar i føretaka og av Finanstilsynet
• Koronasituasjonen
Journalistar som følger sendinga, kan sende inn spørsmål undervegs via spørsmålsskjemaet i nett-tv-sendinga eller til e-postadressa: info@finanstilsynet.no.
Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilte i sjølve sendinga.
Seksjonssjef Olav Johannessen er tilgjengeleg for telefonintervju rett etter sendinga. Media som ønsker intervju, kan sende e-post til: info@finanstilsynet.no, eller ringe pressetelefonen på tlf.nr.: 40 90 03 50.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.