Finanstilsynet inviterer til pressekonferanse onsdag 2. desember
Nyheter
Publisert: 26. november 2020
Finanstilsynet legg fram rapporten Finansielt utsyn – desember 2020. På grunn av smitteverntiltak blir pressekonferansen berre overført via nett-tv.
Tid: Onsdag 2. desember kl. 10.30–11.30
Fysisk frammøte er ikkje mogleg.
Pressekonferansen blir overført via nett-tv på Finanstilsynet sin nettstad.
Tilsynet presenterer analysar av marknader og finansføretak og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet.
I presentasjonen vil Finanstilsynet særleg ta opp konsekvensane av koronakrisa for finansnæringa og marknadane og kva risikofaktorar det finansielle systemet står overfor. Vurderingane frå tilsynet av bankane sin soliditet og lønnsemd inngår i presentasjonen.
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir svara på i sjølve sendinga.
Etter pressekonferansen kan ein-til-ein-intervju avtalast ved å sende ein e-post til: info@finanstilsynet.no.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.