Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Lisbeth Grøstad Strand ny kommunikasjonsdirektør i Finanstilsynet

Pressemelding

Lisbeth Grøstad Strand ny kommunikasjonsdirektør i Finanstilsynet

Styret i Finanstilsynet har tilsett Lisbeth Grøstad Strand som ny kommunikasjonsdirektør. Strand kjem frå stillinga som internasjonal koordinator i tilsynet. Ho tiltrer stillinga som kommunikasjonsdirektør 1. november.

Strand er 49 år og utdanna siviløkonom. Ho har erfaring frå forsikringsbransjen. I Finanstilsynet starta ho i 1999 med stadleg tilsyn i bankar og forsikringsselskap. Sidan har ho hatt ulike roller i fleire avdelingar og sidan 2011 vore internasjonal koordinator. I 2014-2015 hospiterte ho i Utanriksdepartementet.

Strand overtek stillinga etter Kjetil Karsrud, som har vore leiar for kommunikasjonsstaben i Finanstilsynet sidan 1996. Karsrud held fram i kommunikasjonsstaben som senior tilsynsrådgivar.