Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Risiko- og sårbarheitsanalyse av finanssektoren sin bruk av IKT

Pressemelding

Risiko- og sårbarheitsanalyse av finanssektoren sin bruk av IKT

Invitasjon til pressebriefing av ROS-analysen 2017 tysdag 8. mai

• Tid: Tysdag 8. mai kl. 10.30–11.30
• Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo

Finanstilsynet sin årlege rapport oppsummerer risiko og sårbarheit ved finanssektoren sin bruk av IKT. Rapporten omtaler mellom anna utviklingstrekk og korleis finansføretak og bransjen etterlever regelverket.

Tema som vil bli presenterte, er mellom anna:

  • Sårbarheit ved finansføretaka sin bruk av IKT
  • Resultat frå tilsyn med føretak og oppfølging av rapporterte hendingar
  • Spørjeundersøking – næringa si vurdering av risikofaktorar
  • Utviklingstrekk – utkontraktering og betalingsformidling

Pressebriefinga blir overført via nett-tv på Finanstilsynet sin nettstad.

Enkel servering.

Hugs å ta med pressekort/legitimasjon og berekne god tid ved frammøte.
Velkomen!