Hovudtrekk ved innrapporterte tal frå inkassoføretaka ved utgangen av første halvår 2012:
- Nye og avslutta inkassosaker viser vekst på om lag 120 000 og 127 000 saker samanlikna
med utgangen av første halvår 2011. - Talet på inkassosaker i arbeid viser ein mindre vekst samanlikna med utgangen av første halvår 2011. Ved utgangen av første halvår 2012 var det 3 544 400 inkassosaker i arbeid, som er 48 300 fleire saker enn ved utgangen av første halvår 2011.
- Misleghaldne forpliktingar ved utløpet av første halvår 2012 var på om lag 65 milliardar kroner, som er ein mindre vekst samanlikna med utgangen av første halvår 2011.
- Innkasserte middel viser nedgang samanlikna med første halvår 2011.
Inkassoinntektene til føretaka
Inkassoinntektene til inkassoføretaka var på 1 233 millionar kroner i første halvår 2012. Dette tilsvarer ein auke på 4,1 prosent samanlikna med inkassoinntektene i løpet av første halvår 2011, som samla var på 1 185 millionar kroner.
Merk: Finanstilsynet presiserer at dei presenterte tala for framandinkasso ikkje viser totale tal for kva som er til inndriving i Noreg. Inndriving av eigne krav (eigeninkasso), og krava som blir drivne inn av Statens Innkrevingssentral og inkassoverksemda til advokatar inngår ikkje i talmaterialet.
Finanstilsynet gjer merksam på at innrapporterte tal ikkje kan bli oppgitt på fylkesnivå, ettersom tala ikkje er relaterte til geografiske område for skyldnar, men berre kor inkassoselskapet driv verksemda.