Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Kraftig nedgang i samla resultat, men auke i talet på forsikringsformidlingsføretak

Kraftig nedgang i samla resultat, men auke i talet på forsikringsformidlingsføretak

Pressemelding

Publisert: 5. juni 2012
Sist endret: 7. februar 2020
Dokumentnummer: 16/2012

Forsikringsformidlingsføretakene hadde eit samla resultat før skatt på 148 millionar kroner i 2011, som er ein reduksjon på 88 millionar kroner samanlikna med 2010.

Vedlegg

  • Rekneskaps- og premietal for forsikringsformidlingsføretak (xlsx)

Det var totalt fleire rapporteringspliktige føretak under tilsyn i 2011 enn i 2010. To forsikringsmeklingsføretak og eitt forsikringsagentføretak avvikla verksemda, mens seks forsikringsmeklingsføretak og tre forsikringsagentføretak starta opp i 2011.

Finanstilsynets rekneskapsoversikt byggjer på rapportar frå 99 (93) forsikringsformidlingsføretak (2010-tal i parentes). Av desse var 66 (62) forsikringsmeklingsføretak, 33 (30) forsikringsagentføretak for utanlandske forsikringsselskap og 10 (8) gjenforsikringsmeklingsføretak. Ni (sju) føretak dreiv verksemd for både forsikringsmekling og gjenforsikringsmekling. Tala for forsikringsformidlingsføretak inkluderer ikkje agentverksemd for forsikringsselskap som fører eigne agentregister. Det gjeld norske forsikringsselskap og norske filialar av utanlandske forsikringsføretak. Aksessoriske forsikringsagentar registrert i Finanstilsynets verksemdregister er heller ikkje rapporteringspliktige.

Driftsinntektene til føretaka var på totalt 2,306 (2,392) milliardar kroner. Av dette var 19 prosent (20 prosent) forsikringsformidlingsinntekt frå forsikringsselskap. Den tilsvarande delen for meklarføretaka aleine var 16 prosent (22 prosent). Forsikringsmeklarane har forbod mot å ta vederlag for forsikringsformidling frå forsikringsselskapa, men det er òg unntak etter forsikringsformidlingslova. Driftskostnadene var på totalt 2,166 (2,139) milliardar kroner, og eigenkapitalen utgjorde 877 (762) millionar kroner.

33 prosent av føretaka hadde negativt årsresultat i 2011 mot 17 prosent i 2010. 

4 (8) forsikringsformidlingsføretak hadde negativ eigenkapital i 2011.

2 (3) forsikringsformidlingsføretak ble fekk dagmulkt for brot på rapporteringsfristen.

Formidla premie via forsikringsagentføretak utgjorde 6,099 milliardar kroner i 2011. Det er omtrent på nivå som 2010 med 6,147 milliardar kroner. For forsikrings- og gjenforsikringsmeklarføretak er det ein auke på 1,1 prosent, frå 18,8 milliardar kroner i 2010 til 19,0 milliardar kroner i 2011.

I Finanstilsynets verksemdregister var det per 15. mai 2012 registrert totalt 131 forsikringsformidlingsføretak (inklusive aksessoriske forsikringsagentar). I tillegg finn ein der koplingar til eigne forsikringsagentregister til norske forsikringsselskap og til norske filialar av utanlandske forsikringsselskap.

Lov 10. juni 2005 nr. 41 om forsikringsformidling trådde i kraft 1. januar 2006. Forsikringsformidling er her definert vidt og omfattar i utgangspunktet all mellommannsverksemd knytta til inngåing av forsikringsavtaler. Regelverket for forsikringsformidlarar omfattar tre verksemdområde: forsikringsmekling, gjenforsikringsmekling og forsikringsagentar.

Pressekontakt

Pressetelefon: 40 90 03 50

  • Pressekontakter

Fagkontakt

Hege M. Bogstrand

Tlf: 22 93 99 72

E-post

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972