146 000 eigedommar omsette gjennom eigedomsmeklarar og advokatar i 2011
Pressemelding
Publisert: 20. april 2012
Sist endret: 25. februar 2019
Dokumentnummer: 14/2012
Vedlegg
Eigedomsmeklingsføretak
I 2011 blei det formidla totalt 135 714 eigedommar gjennom føretak med løyve til å drive eigedomsmekling. Dette er ein auke på 12 496 eigedommar samanlikna med 2010. Det totale meklarvederlaget var på om lag 6,7 milliardar kroner, som er ein auke på 1,1 milliardar kroner eller 18,8 prosent samanlikna med 2010. Totalt formidla verdi utgjorde i 2011 om lag 343 milliardar kroner, mot 290 milliardar i 2010. Det er ein auke på 18 prosent.
Seks føretak rapporterte negativ eigenkapital per 31. desember 2011. Tilsvarande tal for 2010 var åtte føretak, og for 2009 var det tolv føretak. Også talet på føretak som rapporterer negativt driftsresultat i 2011er redusert samanlikna med dei to føregåande åra. Mens det var 140 føretak som fekk negativt driftsresultat i 2009 og 115 føretak i 2010, var det 77 føretak som rapporterte negativt driftsresultat per 31. desember 2011.
Talet på eigedomsmeklarføretak blei i løpet av 2011 redusert frå 550 til 530, men på grunn av auken i talet på avdelingskontor dreiv føretaka eigedomsmeklingsverksemd på 948 stader i Noreg ved utgangen av 2011, mot 923 stader ved utgangen av 2010.
For meir informasjon om bransjestruktur og tilsyn med eigedomsmeklingsbransjen, sjå årsmeldinga til Finanstilsynet for 2011.
Advokatar
Advokatar som har stilt særskild sikkerheit for å drive eigedomsmekling formidla i 2011 til saman 10 615 eigedommar, mot 8761 i 2010. Dette er ein auke frå 2010 på 1854 formidlingar eller 21 prosent.
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.