Eigedomsmarknaden i første halvår 2010 – auka tal på formidlingar samanlikna med same periode i 2009
Pressemelding
Publisert: 20. oktober 2010
Sist endret: 5. september 2018
Dokumentnummer: 40/2010
Vedlegg
Tal på formidlingar
Totalt 61 426 formidlingar blei utførde gjennom eigedomsmeklingsføretaka i første halvår 2010, mot 55 592 formidlingar i første halvår 2009. Det er ein auke på om lag 6 000 formidlingar, eller 10 prosent. Talet på formidlingar av næringseigedommar går inn i desse tala med totalt 1 992 formidlingar i første halvår 2010, mot 1 845 formidlingar i første halvår 2009. Det vil seie ein auke på 147 eigedommar, eller 8 prosent.
Formidla verdi
Formidla verdi utgjorde om lag 138,1 milliardar kroner i første halvår 2010, mot om lag 112,5 milliardar kroner i første halvår 2009. Det er ein auke på om lag 25,6 milliardar kroner, eller 23 prosent. Formidla verdi av næringseigedom går inn i desse tala og var i første halvår 2010 på om lag 12,02 milliardar kroner, mot om lag 11,4 milliardar kroner i første halvår 2009. Det vil seie ein auke på 620 millionar kroner, eller 5,4 prosent.
Gjennomsnittleg kjøpesum for ein bustadeigedom i første halvår 2010 var 2 248 987 kroner, ein auke på om lag 11 prosent frå første halvår 2009 da gjennomsnittleg kjøpesum var 2 023 845 kroner.
Meklarvederlaget
Storleiken på vederlaga til meklarane var på om lag 2,74 milliardar kroner i første halvår 2010, mot om lag 2,01 milliardar kroner i første halvår 2009. Det er ein auke på om lag 700 millionar kroner, eller 36 prosent. Meklarvederlaget knytt til næringseigedom går inn desse totaltala og utgjorde om lag 214 millionar kroner for første halvår 2010, mot 194 millionar kroner for første halvår 2009. Det er auke på 20 millionar kroner, eller 10 prosent.
Økonomien til føretaka
Auka inntekter for eigedomsmeklingsføretaka har gitt betra driftsresultat. Innrapporterte rekneskapstal viser at 24 prosent av føretaka rapporterte negativt driftsresultat første halvår 2010, mot 30 prosent for første halvår 2009.
Auke i talet på eigedomsmeklingsføretak
Oppgangen i eigedomsmarknaden har gitt ein vekst i talet på eigedomsmeklingsføretak. Mens det ved inngangen til 2010 var 516 føretak, er det i dag 550 eigedomsmeklingsføretak.
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.