Finanstilsynet fylgjer EBA-retningslinjer om diversifisering av massemarknadsporteføljen
Nyheter
Finanstilsynet har meldt Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) at vi vil fylgje EBAs retningslinjer om diversifisering av massemarknadsporteføljen i samsvar med artikkel 123 i forordning (EU) nr. 575/2013 (CRR3).
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 5. februar 2026 nye retningslinjer om diversifiseringsmetodar for utlån i massemarknadsporteføljen. Retningslinjene definerer vilkåra for når ein kan nytte 75 prosent risikovekt for engasjement i massemarknadsporteføljen.
Retningslinjene omhandlar alle bankar som nytter standardmetoden for kredittrisiko.
For at eit engasjement skal kunne klassifiserast som eit massemarknadsengasjement, må det vere eitt av eit vesentleg tal i porteføljen, og porteføljen må utelukkande bestå av liknande engasjement. Risikovekt for utlån i massemarknadsporteføljen er 75 prosent for alle lån som utgjer mindre enn 0,2 prosent av totalen. I tillegg kan opptil 10 prosent av den totale porteføljen bestå av lån som enkeltvis er større enn 0,2 prosent av porteføljen. Dette vert gjort i éi berekning, utan iterative sirkelberekningar. Den relative storleiken på eksponeringa til kvart enkelt lån vert gjort på gruppert nivå.
Finanstilsynet vil legge retningslinjene til grunn for sin tilsynspraksis, og forventar at norske føretak fylgjer retningslinjene.
Meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EBA: