EBA oppdaterer pilar 3-krava for berekraftsrisiko, eigenkapitaleksponeringar og eksponeringar mot skuggebankverksemd
Nyheter
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 22. juni 2026 eit endeleg utkast til tekniske gjennomføringsstandardar (ITS) med endringar av pilar 3-rammeverket. Endringane gjeld særleg berekraftsrisiko, eigenkapitaleksponeringar og eksponeringar mot skuggebankverksemd, og gjennomfører krav som følger av CRR 3. Dette er eit ledd i forenklingsarbeidet til EBA.
Hovudformålet er å forenkle og effektivisere rapporterings- og opplysningskrava i tråd med EU sin forenklingsagenda og Omnibus-pakken, samtidig som brukarvennlegheit, konsistens og samanheng med andre berekraftsrammeverk blir styrkte. ITS-en er tilpassa ESRS (European Sustainability Reporting Standards) under direktivet om berekraftsrapportering (CSRD) og EBA sitt parallelle arbeid med berekraftsrapportering. ITS-en bør derfor bli sett i samanheng med den tilhøyrande høyringa om tilsynsrapporteringa om berekraft:
Eit viktig element er auka proporsjonalitet. For store føretak bygger ITS-en på allereie eksisterande krav, men forenklar desse. Andre føretak og mindre og ikkje-komplekse føretak (SNCI) får betydeleg reduserte krav. For SNCI vil EBA publisere berekraftsinformasjon i Pillar 3 Data Hub basert på tilsynsrapporteringa.
ITS-ane legg til rette for betre samspel mellom pilar 3, ESRS og tilsynsrapportering, blant anna gjennom integrert rapportering og eit oppdatert kartleggingsverktøy som skal publiserast i 2026. EBA skal også utvikle nødvendig Data Point Model og XBRL-taksonomi for innsending til Pillar 3 Data Hub.
Standardane er venta å gjelde frå referansedato 31. desember 2026. For SNCI gjeld den frå 31. desember 2027.
Sjå meir informasjon på nettstaden til EBA: