Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
ESMA gir nye retningslinjer for depotmottakarane si utkontraktering av IKT-oppgåver til leverandørar av skyteknologi

ESMA gir nye retningslinjer for depotmottakarane si utkontraktering av IKT-oppgåver til leverandørar av skyteknologi

Nyheter

Publisert: 5. desember 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har fastsett nye retningslinjer for utkontraktering til skytenester.

Retningslinjene gjeld berre for depotmottakarar for fond som ikkje er omfatta av forordninga om digital operasjonell motstandsdyktigheit (DORA-forordninga), som er gjennomført i lov om digital operasjonell motstandsdyktighet i finanssektoren (DORA-lova).

  • Lov om digital operasjonell motstandsdyktighet i finanssektoren (DORA-lova)

Retningslinjene er i samsvar med tidlegare retningslinjer frå ESMA om utkontraktering av skytenester, med den forskjellen at føretaka som er omfatta av DORA-forordninga, ikkje lenger er omfatta av retningslinjene frå ESMA. 

Finanstilsynet vil følge ESMA sine retningslinjer i tilsynspraksisen vår.

Retningslinjene frå ESMA:

  • Guidelines on outsourcing to cloud service providers (2025)
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less