Oppdaterte retningslinjer om stresstestscenario etter forordninga for pengemarknadsfond
Nyheter
Publisert: 3. mai 2024
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har publisert oppdaterte retningslinjer om stresstesting i pengemarknadsfond etter EU si forordning for pengemarknadsfond. Retningslinjene gjeld for forvaltarar av pengemarknadsfond.
Forordninga for pengemarknadsfond er gjennomført i verdipapirfondlova og ved ei tilvisingsføresegn i AIF-lova (lov om forvaltning av alternative investeringsfond). ESMA sine retningslinjer om stresstesting gjeld artikkel 28 i forordninga for pengemarknadsfond, som fastset krav til gjennomføring av stresstestar for kvart pengemarknadsfond som blir forvalta.
Ifølge artikkel 28 nr. 7 skal ESMA utarbeide retningslinjer for å fastsette felles referanseparameterar for stresstestscenarioa som skal omfattast av stresstestane, og retningslinjene skal oppdaterast årleg. Ein tidlegare versjon av retningslinjene om stresstesting i pengemarknadsfond blei publisert på nettstaden til Finanstilsynet 1. februar 2023.
Dei oppdaterte retningslinjene trer i kraft 6. mai 2024. Finanstilsynet vil legge desse til grunn i tilsynspraksisen.
Dei oppdaterte retningslinjene er tilgjengelege på nettstaden til ESMA:
Forordning (EU) 2017/1131 (forordninga for pengemarknadsfond) – Guidelines on stress test scenarios under the MMF Regulation (ESMA50-43599798-9011)