Knut Haugan tilsett som avdelingsdirektør i Finanstilsynet
Nyheter
Publisert: 17. juni 2024
Knut Haugan (50) er tilsett som leiar av avdelinga for risikoovervaking og makrotilsyn.
Haugan er utdanna samfunnsøkonom ved Universitetet i Oslo, og han har vore tilsett i Finanstilsynet sidan 2017. I Finanstilsynet har han særleg arbeidd med verdipapirmarknaden, mellom anna som leiar av seksjonen for infrastruktur i kapitalmarknaden. Han har òg vore prosjektleiar for å etablere Finanstilsynet si regulatoriske sandkasse for fintech. Haugan har tidlegare arbeidd i DNB.
Haugan har vore konstituert i stillinga som avdelingsdirektør sidan 15. august 2023.
Foto: Jarle Nyttingnes