Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
Finanstilsynet sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet blir styrka

Finanstilsynet sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet blir styrka

Nyheter

Publisert: 7. oktober 2024

I forslaget til statsbudsjett 2025 som blei lagt fram i dag, 7. oktober, foreslår regjeringa at Finanstilsynet sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet blir styrka med 20 årsverk og lokalisert på Hamar. 

Kampen mot kriminalitet er eitt av hovudmåla til Finanstilsynet. I tillegg til finanssektoren omfattar Finanstilsynet sitt tilsynsansvar blant andre rekneskapsførarar, revisorar, eigedomsmeklarar og låneformidlarar. Føretak som driv valutaverksemd, og føretak som tilbyr vekslings- og oppbevaringstenester for kryptoeigedelar, er òg under tilsyn. Det breie tilsynsansvaret gir eit godt grunnlag for å forebygge og følge opp økonomisk kriminalitet, både i føretak under tilsyn og i føretak eller overfor privatpersonar som nyttar tenestene frå desse.

– Føretaka i finanssektoren, rekneskapsførarane og revisorane har ei viktig rolle i kampen mot økonomisk kriminalitet. Ei styrking av tilsynet på desse områda bidrar til å forebygge og avdekke økonomisk kriminalitet, seier finanstilsynsdirektør Per Mathis Kongsrud.

Regjeringa foreslår at dei nye stillingane blir oppretta på eit nytt kontor på Hamar.

– Ei lokalisering på Hamar er i tråd med vurderingane til Finanstilsynet. Lokaliseringa blir nær andre myndigheiter som allereie er etablerte med relevant aktivitet i regionen, som fagmiljøet til Skatteetaten på Hamar og bedragerieininga til Økokrim på Gjøvik, seier Kongsrud.

Regjeringa foreslår at det vil vere ei gradvis innfasing over tre år.

– Forslaget gir rom for ti heltidsstillingar frå og med andre halvår 2025. Det er ein ambisiøs plan, men er nødvendig for å gi denne eininga ein god start og gjere stillingane attraktive i rekrutteringsmarknaden, seier Kongsrud.

Budsjettforslaget til regjeringa for 2025 skal no bli behandla i Stortinget.  

Pressemeldingar frå regjeringa

  • Etablerer ny enhet for å styrke kampen mot økonomisk kriminalitet
  • Forslag til statsbudsjett 2025

 

Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less