Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
Endringar i organiseringa av Finanstilsynet

Endringar i organiseringa av Finanstilsynet

Nyheter

Publisert: 4. mars 2024

Finanstilsynet har i dag justert korleis vi er organisert internt. Ei vesentleg endring er at tidlegare avdeling for digitalisering og analyse no er delt i to: avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn og avdeling for digitalisering og rapportering. I tillegg er nokre funksjonar flytta mellom seksjonar og avdelingar.

Frå i dag vil tilsynet ha desse avdelingane med følgande leiarar: 

  • avdeling for marknadstilsyn – direktør Anne Merethe Bellamy
  • avdeling for bank- og forsikringstilsyn – konstituert direktør Anders Sanderlien Hole
  • avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn – konstituert direktør Knut Haugan
  • avdeling for digitalisering og rapportering – konstituert direktør Kristin Tornling
  • avdeling for verksemdsstyring – direktør Nina Moss

I leiargruppa til finanstilsynsdirektør Per Mathis Kongsrud inngår òg juridisk direktør Cecilie Ask og kommunikasjonsdirektør Lisbeth Strand.

Utlysing av ledige stillingar i leiargruppa til Finanstilsynet

I påvente av gjennomføringa av organisasjonsendringane i dag har fleire av stillingane som avdelingsdirektør vore midlertidige fram til no. Stillingane som direktør for avdeling for digitalisering og rapportering og avdeling for bank- og forsikringstilsyn er nyleg lyste ut. Stillinga som direktør for avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn vil bli lyst ut i nær framtid.

Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less