Årsrapporten til Finanstilsynet for 2023
Nyheter
Publisert: 14. mai 2024
I årsrapporten presenterer Finanstilsynet hovudtrekka i verksemda og oppgåvene som tilsynet gjennomførte i 2023.
Årsrapporten har seks kapittel som viser dei ulike sidene ved verksemda og ansvaret vårt. I kapittel I «Rapport frå leiinga» gir styreleiar Finn Arnesen og finanstilsynsdirektør Per Mathis Kongsrud eit oversyn over tilsynsverksemda i 2023 og samfunnsoppdraget til Finanstilsynet. Kapittel II «Introduksjon til verksemda og hovudtal» omtaler strategien og leiinga, og administrative oppgåver og sentrale tal om organisasjonen.
Det mest omfattande kapittelet er kapittel III «Årets aktivitetar og resultat». Her rapporterer Finanstilsynet etter dei strategiske måla og styringsparametrane kva som var planlagde og gjennomførte oppgåver i det førre året. Kapittel IV «Styring og kontroll i verksemda» omtaler mellom anna prioriterte oppgåver, som digitaliseringsprosjektet til tilsynet og effektivisering. Her er det òg ein omtale av arbeidet til styret til Finanstilsynet.
I kapittel V «Vurdering av framtidsutsikter» peikar tilsynet på risikoen for finansiell ustabilitet. Krisehandtering og -førebygging i finanssektoren dekker òg digital sårbarheit. Vidare omtaler kapittelet kunstig intelligens, klimarisiko og berekraft og forbrukarvern. Digitale omstillingsprosessar, miljøomsyn og ein krevjande marknad for forbrukarane å orientere seg i stiller krav til tilbydarar av finansielle tenester, brukarar av tenestene og at Finanstilsynet sjølv er effektivt innretta og risikobasert innanfor lovene og regelverket vi forvaltar.
Kapittel VI «Årsrekneskap» viser årsrekneskapen til Finanstilsynet. Riksrevisjonen reviderer rekneskapen til Finanstilsynet.
I februar publiserte Finanstilsynet korte rapportar om tilsynsverksemda i 2023 på dei ulike tilsynsområda.