Tilbakeblikk på viktige saker i 2022
Nyheter
Publisert: 14. februar 2023
Finanstilsynet sitt arbeid dekker tilsynssaker, utvikling av regelverk og andre forvaltingssaker. I rapportane oppsummerer vi arbeidet i 2022 på dei ulike tilsynsområda.
Rapportar
Rapportane gir nyttig informasjon for føretak under tilsyn og andre aktørar i finansnæringa.
Det er éin rapport for kvart tilsynsområde. Det er òg tre rapportar med tverrgåande tema som er relevante for fleire av tilsynsområda: tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering, digital finans og IT-risiko og internasjonalt samarbeid.
Rapportane utgjer ein del av Finanstilsynet si årsrapportering. Ein fullstendig årsrapport frå tilsynet med årsrekneskap og måloppnåing for verksemda blir publisert i april.