Nytt rundskriv om organiseringa av og verksemda til verdipapirføretak og oppdatert konsesjonsrettleiing
Nyheter
Rundskrivet beskriv tilsynspraksisen til Finanstilsynet retta mot verksemda til og organiseringa av verdipapirføretak. Rundskrivet viser til norsk og europeisk regelverk og retningslinjer, mellom anna om kontrollfunksjonen i verdipapirføretaka. Det erstattar rundskriv 4/2015 og rundskriv 5/2015 og har oppdatert og ytterlegare informasjon.
Finanstilsynet har samtidig oppdatert konsesjonsrettleiinga for føretak som søker løyve til å yte investeringstenester. Rettleiinga presenterer nye regulatoriske krav til føretaka og ny praksis for korleis føretaka skal sende informasjon til Finanstilsynet. I rettleiinga er det òg endra framstilling av rutinekrava for å redusere overlapp mellom rutinar. For å forenkle saksbehandlinga til Finanstilsynet og redusere tidsbruken i konsesjonsbehandlinga presiserer rettleiinga at føretak som søker konsesjon, skal legge ved eit dokument som viser til kor i føretaket si rutinesamling dei enkelte rutinekrava er oppfylte.